Folgefonni Breførarlag AS

Heim
Turar
Bestille tur
Bedrifter
Turist informasjon
Nyhende
Om Folgefonna
Samarbeidspartnarar

Nyhende frå oss?

Webkamera Folgefonna

Filmar, bilete og media

Følg oss på Facebook

Film frå Juklavassbreen

Reklamefilm 2010

 

 

Folgefonni Breførarlag AS driv, som namnet seier, breføring på Folgefonna, den tredje største breen i Noreg. Folgefonni Breførarlag har base i Jondal, men arrangerer turar på heile Folgefonnhalvøya. Hovudsesongen er frå kring 1. mai til kring 1. oktober, med hovudvekt på skiturar fram til St. Hans og breturar etter den tid.

I tillegg til breføring kan me tilby eit vidt spekter av utandørsaktivitetar, som til dømes fjellklatring, kajakkpadling, sykkelturar og segling. Folgefonni Breførarlag har som mål å gje kundane ei totaloppleving med innblikk i kraftfulle naturprosessar, utfordingar for kroppen og ein smak av gamledagar gjennom lokalhistorie og forteljarkunst. For alle våre daglege tilbod har me online booking.

Alle våre førar er godkjent av Norsk Fjellsportforum (NF). Alle våre arrangement fylgjer NF-standarden. Sikkerheit i samband med våre arrangement har alltid 1. prioritet.

Velkommen på tur med oss!

  • Travel hovudsesong nærmar seg slutten, framleis flotte blåisforhold. Snøen har vore på besøk, men har smelta vekk att. Alle daglege tilboda vore er no slutt, men me har framleis mange arrangement som er førehandstinga. Ta kontakt om du vil på breen! [03.09.2010]

Sildrande brevatn

Norsk Fjellsportforum
English pages German seite Norske sider