Ei unik oppleving
for alle i firmaet!
Heilt sidan me starta
i 1994 har me skreddarsydd opplevingspakkar for bedrifter. Til
dømes breturar i samband med konferansar og kurs. Målet vårt er
heile tida å tilpasse produkta våre slik at De som bedrift får
akkurat den oppleving og det utbytte De er ute etter. Som lagbygging
(teambuilding) er bre og klatre arrangement perfekte, her må ein
samarbeide om tryggleik, ta omsyn til kvarandre, og som regel
er det å gå på bre nytt for dei fleste, altså ei felles ny utfording.
Her må dei ulike mennesketypane jobbe saman for å nå felles mål
og ikkje minst oppretthalde tryggleiken til seg sjølv og dei andre
i same taulag. Om ynskjeleg har me eigne føredragshaldarar som
knytar bre eller klatre opplevinga opp mot lagbygging (teambuilding).
Folgefonni Breførarlag
tilbyr bre, klatre, sykle, kano, kajakk eller segle opplevingar,
me set gjerne saman produkta våre med overnatting, mat, transport
osv. og tilbyr det som ein komplett pakke.
Kultur
I tillegg til sterke
naturopplevingar og spenning er det mange som ynskjer eit kulturelt
innslag. Konsert og eller omvisning på Baroniet Rosendal, vitje
Hardanger kulturgalleri, sider smaking eller segle med ei gamal
Hardangerjakt er nokon av regionens kvalitetar, som er fine å
kombinere med våre produkt. Me kan skreddarsy unike kulturinnslag
for Dykk.
Overnatting
I området er det overnattingsplassar
som i seg sjølv kan gje store opplevingar. Baroniet Rosendal,
Hardanger Gjestegard, Hardingasetet, Utne Hotell og Sandven Hotell
er overnattingsplassar som i seg sjølv er ein attraksjon. Regionen
har også større flotte hotell som Hotell Ullensvang, Brakastad
Hotell, Rosendal Fjordhotell, og Hardangerfjord Hotell. Solstrand
hotell er heller ikkje forlangt vekke for dagsopplegg på
Folgefonna.
Transport
I regionen har me
mange transport moglegheiter. Infrastrukturen i regionen gjer
at ulike transport middel av og til må nyttast for å få til eit
opplegg innan avsett tid. Det er viktig å tenkje på at også reisa
kan vere svært så flott, dette er ikkje "dødtid". I regionen har
me uike transport tilbod som til dømes sjøfly, helikopter,
fjordrafting, båt, buss, minibuss, taxi og hest.
Konferanse
eller teambuilding
Planlegg firmaet Dykkar
ein konferanse eller teambuliding? Eller kanskje De skal ha ei
markering av oppstart av eit nytt prosjekt, og prosjektdeltakarane
treng å bli betre kjent med kvarandre? Då passar ei
oppleving på Folgefonna! Ta kontakt, så kan me saman
med Dykk skreddarsy opplegg etter Dykkar ynskje.
Mice
Hordaland
Me samarbeidar med
MiceHordaland for å kunne skreddarsy våre produkt
i saman med overnatting, transport, andre opplevingar osv. Mice
Hordaland tilbyr pakkar for "kurs, konferanse og møter", "Incentive
og opplevelser" og "Kick off & teambuilding". Meir
informasjon..
