Folgefonna på langs

Inquire Booking

Folgefonni på langs, Jondal - Rosendal. Turen tek 2 dagar med overnatting på Bergen Turlag si hytte Fonnabu (eller Holmaskjer). Fyrste dagen er det 10 timar å gå, andre dagen er det 12 timar før me er nede i Rosendal. På Baroniet i Rosendal er det mogelg å avslutte turen med god mat og gode senger. Kanskje er det ein konsert du kan gå på.... Så om du ikkje bur i regionen bør du setje av 4 dagar til denne turen. Ei overnatting før og etter sjølve skituren.

 

Inquire Booking

PDF Facts

Download a PDF fact sheet with all the information about the selected tour Download pdf

Dag 1

Me startar frå Jondal kl 7:30 med bil eller buss. Vonleg er vegen til Folgefonna Sommarskisenter open slik at me kan starta å gå på 1200 m o.h. Frå skisenteret brukar me omlag ein og ein halv time til toppen av Nordre Folgefonna (1664 moh.). På denne etappen er det lurt å nytte skifeller då stigninga er ganske bratt. Skisenteret - Nordre Folgefonna: 1,5 t

Frå toppen av breen er det ein halvannan times kose etappe på Noregs tak. Med smurde ski går vi sørover og ned mot Svartedalshorga der ei flott men litt bratt snørenne ventar oss. Alt etter kor flinke folk er i bratt lende brukar vi frå 1 til 2 timar ned til Kvitnodalsvatnet som ligg 980 m o.h. Her tek vi ein lengre pause med mat og drikke. Her er det også mogleg å fylle vannflaskene. Nordre Folgefonna - Kvitnodalsvatnet: 3,5 t

Etter lunsj startar den tyngste etappen. I byrjinga er det lurt å ha skifeller men er det bra snø kan ein etterkvart smørje også her. Turen går no vidare opp mot Hundsøyra og Holmaskjær (1550 moh.). Som ein skjønar er det nokre gode høgdemeter å bryna seg på med mjølkesyre etter utforkøyringane i beina. Kvitnodalsvatnet - Holmaskjær: 4 t

På Holmaskjær tek me ein pause og fyller på litt energi før siste etappe til Fonnabu. Etappe er ofte den finaste på heile turen. Vi følgjer breen på vestsida i nydeleg kveldssol med utsikt heilt ut i Nordsjøen og med Rosendalsalpane rett framfor. Frå Holmaskjær til Fonnabu er det ein time i flatt lende. Vel framme på Fonnabu er det berre å nyte utsikta og vente på middag og ein kaffi tår. Hytta ligg i kanten av breen med storslått utsikt i alle himmelretningar.

Dag 2

Klokka 5 må alle ut av sengene. Det vert havregraut til frukost før me vaskar ut av hytta og set kursen vidare sørover. Avgang vert kl 600. Frå Fonnabu går me sørover inn mot salen som skil dei to største brefalla på Folgefonna, Buerbreen og Bondhusbreen. Fyrste del av turen er det lurt å nytte skifeller så sant det ikkje svært godt føre. Me brukar omlag ein time på å komma oss opp i salen. Fonnabu - Salen: 1 t

Frå salen går me vidare mellom to topp domar på Søndre Folgefonna. Det høgaste me kjem denne dagen er kring 1610 m o.h. I det me kjem over toppen er dei fyrste fjelltoppane me møter er Ulvanosi i Uskedalen. Dette ei alpin fjellkjede kjent for sine glatte og utfordrande granitt veggar for fjellklatrar på alle nivå. Etappen tek ein time. Før me for alvor slepp oss ut av breen tek me den fyrst matpausen og nyt freden og roen som er midt inne på breen. Salen - ut av breen: 2 t

Vidare er det omlag ein halv time med roleg køyring før me kjem ut av breen. No byrjar eit parti som verkeleg krev gode ski kunnskapar. Me lyt ta oss ned nokre bratte parti for å koma oss ned mot Volarusti. Her er ein del opp og ned slik at det beste er å smørje skiene. Etter eit par timar tek vi oss ein mat pause før vi fortset omlag ein time til før vi er nede på Volarusti. Framdrifta på denne etappen er svært avhengig av føre og ski kunnskapar hjå deltakarane. Frå brekanten - Volarusti: 3,5 t

Volarusti er ein flott rygg midt mellom to dalføre. Toppunktet er 895 m o.h. Her tek vi ein liten pause før vi stupar ned mot Prestavatn (601 m o.h.). Som oftast lyt skiene av i desse bakkane då sola og vinden smeltar den vekk. Turen fortset langs vassdraget og ned Ringeriksfossen før vi kjem ned i Muradalen. Denne delen av turen går til fots i krevjande terreng. Ved Ringeriksfossen er det hengt opp tau slik at folk med høgdeskrekk også skal kome seg ned. Vel nede er det omlag 3 km å gå langs grusveg før me kjem ned i dei svale skuggane på baroniet i Rosendal. Frå Volarusti til Baroniet brukar ein vel 4 timar. No kan me slappe av og vete med oss sjølve at me verkeleg har gått "Folgefonni på langs". Volarusti - Baroniet: 4,5 t

Sesong

Frå slutten av april til byrjinga av juni. Kapasistet Avhengig av kapasiteteten på hyttene. Fonnabu har plass til omlag 27 gjester medan Holmaskjer har plass til 18.

Passer for kven

Dette er den perfekte tur for 50årslag eller andre som vil ta med venner og markere noko i særskilde omgjevnader. Me arrangerer helst turar for grupper på meir enn 6 personar, men dersom du er aleine er det mogleg å hive seg med nokre av dei større gruppene.

Utstyrsliste

Termos Drikkeflaske, minst 1 liter Hue, vottar, skjerf Vasstette og vindtette klede Gamasjar Solbriller Solkrem Skismurning Skifeller Ski med stålkantar 4 gode matpakkar Sovepose Liggeunderlag Snøspade (for dei som har) Kart og kompass (for dei som har)

Pris

Avtales ved tinging av tur

  • Folgefonna på langs er ein av dei to store klassiske vårskiturane i Sør Noreg i lag med Jostedalsbreen på langs
  • 2-dagerstur for folk som har gått litt på ski før
  • Bør planlegge ein overnatting i Jondal eller Rosendal før og etter tur
  • Me organiserer gjerne fellestransport Jondal-Rosendal, enten med minibuss eller båt (Pilagutt)
  • Sesong er normalt frå slutten av april til juni

Route

  1. Start
  2. Holmaskjer (DNT cabin)
  3. Fonnabu (DNT cabin)
  4. End