Folgefonna
mellom fjord og fjell
Fakta om Folgefonna
Folgefonna er Noregs 3. største bre. Breen har eit samla areal
på 213,62 km2. Breområdet er tredelt med Nordre Folgefonna (25,41
km2), Midtre Folgefonna (8,93 km2) og Søndre Folgefonna (179,28
km2) (Østrem et al. 1988). Folgefonna Sommarskisenter ligg på
Nordre Folgefonna. Folgefonna er ein platåbre, det vil seia at
den ligg på eit høgfjellsplatå med utlauparar ned i dalane kring.
Dei mest kjende utløparane av Folgefonna er Bondhusbreen, Buerbreen
og Blomsterskardsbreen. Dei tre platåbreane dekker høgfjellsområde
mellom Sørfjorden, Åkrafjorden og Hardangerfjorden. Høgaste punkt
er 1662 m o.h. og lågaste er 400 m o.h. Istjukkelsen er så langt
som den er kjent i gjennomsnitt omlag 155 meter (Tvede 1997).
Ved Bondhusbreen er isen målt til å vera 160 meter. Ved Blåbreen
er isen opp i 300 meter tjukk. Truleg er isen opp til 500 meter
tjukk på toppen av Nordre og Søndre Folgefonna. Dette er ikkje
målt men rekna ut frå topografien kring breen. Folgefonna si kystnære
plassering gjer at den vert kalla ein maritim bre. Det er dette
som er utgangspunktet for at Folgefonna vert kalla ein "glasiologisk
avvikar".
To forhold er viktige for at ein bre skal verta danna. Desse er
vinternedbør og sommartemperatur. For at det skal verta danna
ein bre må nedbøren om vinteren vera større enn smeltinga om sommaren.
Om breen har positiv eller negativ massebalanse vert målt i slutten
av september. Ein måler då høgda på kvar vinter snøen møter blåisen.
Denne linja vert kalla likevektslinja (ELA). Korleis denne varierer
er eit uttrykk for klimatilhøva det siste året. Kva av faktorane,
vinternedbør eller sommarsmelting, som er den viktigaste varierer
frå kystnære til kontinentale strøk. Breane i Jotunheimen er mest
avhengige av sommartemperaturen medan breane som ligg nær kysten
er mest avhengig av nedbøren om vinteren. Årsmiddeltemperaturen
i Hardanger er kring 7 C. Difor er nedbør den avgjerande faktoren
for Folgefonna sin storleik. På toppen av Søndre Folgefonna kjem
det nesten 5000 mm nedbør kvart år. Til samanlikning er nedbøren
i Bergen omlag 2200 mm pr år.
Årsaka til all nedbøren på Folgefonna er at det kjem inn fuktige
luftmassar frå Nord Atlanteren. Desse luftmassane følgjer langs
polarfronten i eit meandrerande mønster frå vest mot aust. Når
skysystema treff vestkysten vert skyene pressa oppover av fjellkjeda
som går nord sør. Såleis vert lufta avkjølt slik at skyene ikkje
lenger greier å halda på alt vatnet. Dermed byrjar det å regna
eller snø. Effekten av topografi og vindretning gjer at mykje
av nedbøren på Folgefonna er eit resultat av orografisk forsterka
frontnedbør (Bradsaw 1989). Temperaturgradienten i luft er omlag
0,6 C pr 100 meter. På grunn av denne gradienten snør det ofte
på breen medan det er regn i låglandet. Det vil sei at dei mest
regnfulle vintrane for folket langs fjorden ofte gjev dei største
snømengdene på breen.
Folgefonna i dag
Gjennom dei siste 10 åra er det registrert auka aktivitet og framrykk
i fleire av utløparane kring breen. Også utløparen ved skisenteret
har endra seg dei siste åra. Her kan ein sjå at bakken gradvis
har vorte brattare. Førebels ligg fronten noko lunde i ro. Årsaka
til at Folgefonna har byrja leggja på seg skuldast breen si kystnære
plassering. Temperaturen i Europa har stege med omlag 0,1 C dei
siste 10 åra (IPPC 1995). Ein skulle tru at breen grunna global
oppvarming heller skulle byrja å smelta. Forklaringa ligg i det
faktum at Folgefonna er ein maritim bre. Ved auka temperatur i
Nord Atlanteren aukar fordampinga og det vert danna meir skyer.
Skysystema føl dei same banane som før, men no med større intensitet.
Såleis vert det meir nedbør på Folgefonna, noko som igjen fører
til brevekst. Med tanke på situasjonen på Nordre Folgefonna berre
for 100 år sidan er det eit spørsmål om tid før hytta ved skisenteret
må flyttast. Eit usikkert moment i framtida er kor mykje temperaturen
kan stige før breen byrjar å smelta. Truleg er det ei kritisk
temperaturgrense som kan vera nær foreståande. Dersom mykje av
nedbøren om vinteren kjem som regn i staden for snø på breen,
vil eksistensen til Folgefonna verta trua.
Nordre Folgefonna si klimatisk historie
Dei fleste trur at Folgefonna er ein rest etter istida. Gjennom
nyare forsking på klimaet dei siste 10 000 år har dette vorte
avvist. Ut frå undersøkingar gjort i vassdraget frå Nordre Folgefonna
til Jondalsøyri er følgjande klimahistorie rekonstruert. Etter
slutten av førre istid trekte isen seg raskt attende oppover dalføret
frå Jondal gjennom Allerød (12 - 11000 år før no tid). Under ein
kald periode som vert kalla Yngre Dryas (11 - 10 000 år før no
tid) rykte breen fram igjen. Boringar i Vetlavatnet syner at isen
trekte seg endeleg vekk frå vatnet for omlag 10200 år sidan. Deretter
er det registrert ein breframstøyt som ikkje tidlegare har vore
observert på norske brear. Klimaforverringa skjedde omlag 9700
år før notid og avsette ein morene i nedre del av Jordal ved Vetlavatnet.
Neste breframstøyt skjedde omlag 9100 år før notid. Denne hendinga
vart fyrste gong funnen i Erdalen nord for Jostedalsbreen og såleis
kalla "Erdalenevent". Ein siste breframstøyt i tida rett etter
istida er kalla "Finseevent". Denne breframstøyten fann stad for
omlag 8400 år før notid. Endringane i breen skuldast fyrst og
fremst auka vinter nedbør. Etter 8400 år før notid steig temperaturen
raskt med 1,5 til 2 C. Perioden vert referert til som "det klimatiske
optimumet". Skoggrense steig med omlag 300 meter og Folgefonna
smelta heilt vekk. Tjukke stubbar og tre restar kan framleis finnast
i myrer i fjella kring Jondal frå denne perioden.
Fyrst for omlag 5000 år sidan vart
Nordre Folgefonna nydanna. Då vart temperaturen senka samstundes
med at nedbøren auka. Dei siste 5000 åra har Nordre Folgefonna
eksistert omlag som den gjer i dag avbroten av nokre hendingar
der den har vore større. To gonger hadde Folgefonna armane sine
omlag 2 kilometer lenger nede i dalen. Dette hende for omlag 2000
og 1000 år før notid. Den siste store breframstøyten fann stad
i 1870 åra. Hendinga vert referert til som "Vesle istid" (sjå
kart). I høve til andre brear i Noreg er dette noko seint. Til
dømes på Jostedalsbreen var "Vesle istid" kring 1750 AD. Av særleg
interesse ved Nordre Folgefonna er eit brefall som går ned i Jukladalen.
Dette brefallet har ved tre tilfelle gått ned i Jukladalen og
stogga dreneringa gjennom dalen. Grunna dette har det vore fleire
stor flaumar nedover Jondalsvassdraget. Spora vart funnen ved
boringar i sedimenta under Vassdalsvatnet. Truleg har flaumane
vore med å forma mykje av landskapet nedover dalen. Særleg lausmassane
i Krossdalen, på Espeland og på Jondalsøyri har vorte eroderte
og endra i desse hendingane. Flaumen i samband med "Vesle istid"
er referert til på folkemunne i Jondal som ein stor flaum som
øydela mykje i Krossdalen. I dag lever folk i Jondal utan redsle
for flaum frå breen grunna kraftutbygging og utretta elvelaup
både i Krossdalen og på Espeland.
Geologi
Berggrunnen på Folgefonnshalvøya er i hovudsak delt inn i fire
formasjonar. Desse er Rjukan-, Seljord-, Heddal-, og Bandakgruppen.
Alle formasjonane tilhøyrer Telemarksupergruppe (Askvik 1995).
Mesteparten av geologien er frå den øvste formasjonen, Bandakgruppa.
Bergartane er for det meste basaltiske og ryhyolittiske vulkanske
bergartar. Det er også innslag av sedimentære bergartar (1250-1150
Ma BP). Etter avsetjinga av Telemarksuppergruppe har området vorte
utsett for to orogene fasar. Den fyrste vert kalla den Sveko-Norvegiske
fjellkjede danning (1250-900 Ma BP). I den siste orogonesen kalla
den kaledonske fjellkjede danning (600-400 Ma BP) vart mykje av
dei sedimentære bergartane utsette for metamorfose. På grunn av
denne orogonesen er det mest vulkanske og metamorfe bergartar
som er oppbevart. I tillegg har dei fleste folder og forkastingssoner
opphav frå denne tida (Askvik 1995). Ein skulle tru at Folgefonnshalvøya
ut frå dette skulle ha ein keisam og homogen bergrunn. Men grunna
ulik metamorfose og intrusivar er det oppbevart ei heil rekkje
med bergartar i regionen. Av intrusiver kan nemnast granitt, monzodioritt,
granodioritt, metagabbro, serpentinitt, kleberstein, aktinolittfels
og talkskifer. Av suprakrystalbergartar finnes det agakvatsitt,
metabasalt, polymikt rhyolittdominerte konglomerat, metaandecitt,
metadactitt og metabasalt (Ingdahl et al. 1991). Kring Folgefonna
Sommarskisenter er det i hovudsak tre bergartar som går igjen.
Desse er meta-andesitt, eldregranitt (granittisk gneis) og kvartsdiortitt.
Vitskapleg arbeid gjort i Hardanger og på Folgefonna
Dei fyrste vitskaplege kjelder om Folgefonna er S. A. Sexe si
bok om "Sneebreen Folgefond" som kom ut i 1864. Her er det illustrasjonar
og kartskisser som viser de mest kjende brefalla (Bondhusbreen,
Buerbreen og Blåbreen) samt ein topografisk skildring av breen
og nokre målingar av temperatur i isen, sprekker og isrørsle.
I 1905 kom J. Rekstad med ei topografisk skildring av nokre av
utlauparane frå Folgefonna. Her vert det presentert bilete av
Buerbreen, Bondhusbreen, Pyttabreen og Blomsterskardsbreen, alle
i tekne i 1904. Tidlegare (1869-1890) hadde fotografen Knut Knutsen
vore i regionen og teke bilete av breen. Desse bileta har vore
til stor hjelp ved rekonstruksjon av den siste store breframstøyten
på Folgefonna (Tvede 1972; Bjelland 1998; Simonsen 1999). Utover
på 1900 talet er det mange skildringar frå Folgefonna i Den Norske
Turistforeining sine årbøker samt lokale bygdebøker og turist
forteljingar. Frå midten av 60 talet har det vore gjort mykje
arbeid på og kring Folgefonna. Grunnen er to store kraftutbyggingar
som tek smeltevatn frå breen til produksjon av elektrisk kraft.
Av vitskapeleg arbeid i regionen er det lite som er gjort på Holocen
brevariasjonar. Det meste av arbeidet er knytt til deglasiasjonen,
Yngre Dryas og "Vesle istid". I 1944 skreiv Isak Undås (Undås
1944) ein artikkel om når Hardangerfjorden var isfri. Dette har
seinare vorte følgd opp av ein rekke vitskapsfolk. I samband med
kraftutbygging på 60 og 70 talet vart det gjort mykje av vitskapleg
interesse. Det vart utført masssebalansemålingar og andre målingar
for å kartleggja kor mykje vatn det var mogeleg å ta ut av Folgefonna
(Tvede 1972; Tvede & Liestøl 1977). I samband med eit subglasialt
smeltevatn uttak under Bondhusbreen vart det utført ei rekkje
med interessante glasiologiske målingar (Hagen et al. 1993). Østrem
& Olsen (1987) gjorde proglasiale undersøkingar i Bondhusvatnet.
Ved hjelp av desse freista dei å rekna ut erosjonen under Bondhusbreen.
Når det gjeld Hardangerfjorden og geomorfologien kring den er
det gjort mykje arbeid. Holtedahl (1975) kartla Hardangerfjorden
sin geologi samt fjordbassenget submarint ved hjelp av borkjernar.
Follestad (1972) freista å laga ein deglasiasjon historie for
Hardanger ved hjelp geomorfologiske undersøkingar. Vidare har
det vorte jobba ein god del med isutbreiing i ytre delar av fjorden
(Aarseth & Mangerud 1974; Aarseth 1997). Hamborg og Mangerud (1981)
kartla isrørsler langs Hardangerfjorden ved registrering av isskuringstriper.
Hamborg (1983) konstruerte eit strandlinjediagram for Hardangerfjorden
basert på data frå Bømlo, Stamnes, Bu og Eidfjord. Vidare arbeidde
han særleg med deglasiasjon mellom Samnangerfjorden og Norheimsund.
I dei seinare hår har det vorte gjort ein del arbeid i samband
med kartlegginga av havnivå historia langs Hardangerfjorden (Helle
et al. 1997). I samband med HOLSCATRANS prosjektet har det også
vore to hovudfagsarbeid i regionen. Det eine i Buerdalen og det
andre i Bondhusbreen (Bjelland 1998; Simonsen 1999).