Folgefonni Breførarlag AS driv,
som namnet seier, breføring på Folgefonna, den tredje største
breen i Noreg. Folgefonni Breførarlag har base i Jondal, men arrangerer
turar på heile Folgefonnhalvøya. Hovudsesongen er frå kring 1.
mai til kring 1. oktober, med hovudvekt på skiturar fram til St.
Hans og breturar etter den tid.
I tillegg til breføring kan me
tilby eit vidt spekter av utandørsaktivitetar, som til dømes fjellklatring,
kajakkpadling, sykkelturar og segling. Folgefonni Breførarlag
har som mål å gje kundane ei totaloppleving med innblikk i kraftfulle
naturprosessar, utfordingar for kroppen og ein smak av gamledagar
gjennom lokalhistorie og forteljarkunst. For alle våre daglege
tilbod har me online booking.
Alle våre førar er godkjent av
Norsk Fjellsportforum (NF). Alle våre arrangement fylgjer NF-standarden.
Sikkerheit i samband med våre arrangement har alltid 1. prioritet.
Velkommen på tur med oss!
| Siste nytt: |
| Fine ski og trugeturar på Folgefonna no fram til blåisen kjem fram, les om trugeturar her |
| Ny bretur i 2013, frå Botnabreen til Jordalsbreen, les meir her |
| Brekurs (NF-Godkjent)arrangeres 15-19. juli 2013, for deg som vil bli breførar eller kunne gå på eigahand |
| Ledige plassar på breføring over Folgefonna, Fonnabu-Holmaskjer 29. juni 2013 |
| Fjord Tours sel no breturen vår i Juklavassbreen som ein pakke med transport til og frå Bergen, book her |
| Om du vil stå på ski på Folgefonna, så er Fonna Glacier ski resort åpna for sesongen, i 2013 kan du få kjøpt pakke med ski, bretur og overnatting til ein gunstig pris |