Folgefonni Breførarlag AS

kveldsljos over breen.

Nyhende frå oss?

Tilbakemeldingar?

 

 

14.04.2010: To nye produkt blir snart lagt ut på nettsidene!

Me jobbar med nye tilbod på Folgefonna. Kva med trugetur no i vår? Eller kva med å krysse Nordfonna og ende opp i Sørfjorden, for så å ta Fjordcruise på Hardangerfjorden. Meir informasjon kjem snart.

02.02.2008: Bra med snø på Folgefonna!

Kjempe flotte snøforhold på Folgefonna no. Sålangt ca 5 meter snø på breen. Dette lovar godt for vårskisesongen. Om du er interessert i å gå Folgefonna på langs, ta kontakt. Les om denne fantastiske skituren under "Turar".

15.11.2007: Planlegging av sesongen 2008 er i gang!

I 2008 får me eit heilt nytt tilbod frå kundar som kjem frå Bergen. Det blir då mogleg å ta buss og båt frå Bergen, oppleve blåisen på Folgefonna for deretter ta buss og båt tilbake til Bergen. Dette blir eit produkt som gjev den ulitmate kontast mellom bygd og by, naturoppleving og byoppleving. Me kjem tilbake med rute tider osv. når dette er fastsett.

07.10.2007: Blåissesongen vår er over!

Me har no hatt vårt siste arrangement i blåis på breen dette året. Snøen har lagt seg som eit teppe over isen. Me takkar alle våre kundar for ein kjempe sesong, og ynskjer Dykk alle velkomne attende til neste år. Må også takke alle breførarane som har jobba enormt bra og gjort denne sesongen mogleg. Me arrangerer andre (ikkje blåisturar) opplegg på og rundt breen i vinter, men dette er arrangement for grupper som må tingast i god tid i førevegen.

20.08.2007: Daglege blåisturar i Juklavassbreen er slutt for i år!

Me har no arrangert blåisturar kvar dag i Juklavassbreen sidan 20 juni. Frå og med i dag er ikkje tilbodet dagleg. Ein må tinge tur på førehand. Forholda i Juklavassbreen er framleis svært bra, ta kontakt om du er interessert i å oppleve eventyret i blått!

06.08.2007: Juklavassbreen på sitt flottaste

Det er no hovudsesong i Juklavassbreen. Mykje snø er smelta og det er nydleg is å gå i. Både enkel is for dei som ynskjer det, men også gode høve for isklatring om det skulle friste. Me arrangerer daglege turar til og med 20 august, etter den tid må ein tinge tur nokre dagar på førehand.

05.08.2007: Breføring mellom Fonnabu og Holmaskjer

Me har no avslutta dagleg breføring mellom Fonnabu og Holmaskjer. Forholda er framleis flotte for å gå over breen. Om De ynskjer breføring, ta kontakt i god tid så kan me stille med breførar. Pris er avhenging av om De er ei eiga gruppe eller om De kan gå med anna gruppe over.

13.07.2007: Dagleg breføring mellom Fonnabu og Holmaskjer

Me har no starta med dagleg føring mellom Fonnabu og Holmaskjer. Dette tilbodet er dagleg til og med 5 august. Nytt sjansen å oppleve fjord, fjell og fonn, ein fantastisk to dagerstur. Forholda er flotte, velkommen!

10.07.2007: Flotte isforhold i Juklavassbreen

Det er no flotte forhold i Juklavassbreen. Me har turar kvar dag med oppstart klokka 11:00 frå Folgefonna Sommarskisenter. Det har vore litt regnfullt i det siste dette gjer fargane inni isen endå meir magiske. Velkommen!

05.06.2007: Snøvandring i Juklavassbreen

Me har allereie starta med turar i Juklavassbreen, det er framleis mykje snø i brefallet, men litt is er kommen fram. Om De ynskjer tur er det berre å ta kontakt. Me tek sikte på å starte dagleg føring i Juklavassbreen 23 juni.

02.06.2007: Nytt marknadsførings matriell

Me har no utvikla ny faldar og plakat for våre daglege tilbod. Hovud biletet er teke av Jan Rabben og 3D modell av Folgefonna er laga av Kjell Helge Sjøstrøm. Ta kontakt om De ynskjer tilsendt plakatar eller faldarar. Den nye plakaten og faldaren i PDF format.

01.06.2007: Flotte vårskiturar

Vær og snøforholda har gjort våren svært så vakker i Hardanger. Me har arrangert fleire flotte vårski turar. Bondhusdalen har også vore svært flott i det gode været. Mykje smeltevatn gjer turen opp dalen eksta spektakulær.

18.04.2007: Ski forholda på Folgefonna er fantastiske

I vinter har me fått bra med snø på Folgefonna. Vårski turane våre kjem til å blir ekstra flotte i år med gode ski forhold.

01.03.2007: Nye websider

Me har no gleden over å presentere nye websider. Dei nye sidene har nytt design og nytt innhald. På sidene kan du lese om våre tilbod, lese oppdatert rapport frå breførar, sjekke værmeldinga for området, bestille tur for å nemne noko. Håpar du som brukar er nøgd. Om ikkje ta kontakt!

 

Spennande is i Juklavassbreen.

Sprekkeformasjonar

 

Norsk Fjellsportforum
English pages German seite Norske sider