Frå fjord
til fonn -Bondhusdalen
Bondhusdalen
er kanskje den flottaste dalen på Folgefonnhalvøya. Turen går
frå kaien i Sundal oppetter Isvegen, til Bondhusvatnet, der ein
ser Bondhusbreen. Isvegen er ein historisk veg som vart nytta
til eksport av is frå breen tidleg på 1800-tallet. Frå Bondhusvatnet
går ein vidare opp mot breen som kjem ned inst i dalen. Bondhusbreen
kjem like ned til 400 mo.h., og er den av Folgefonna sine brearmer
som beveger seg mest frå platået og ned mot fjorden. Isen her
er dessverre ikkje trygg nok til å gå på, då den rasar mykje i
fronten. På turen opp til breen kan ein blant anna gå ned i grotter
som taterar nytta som gøymestad då dei plyndra rike turistar på
1800-talet. Pensjonatet i Sundal Bondhusvatnet På alle våre arrangement
legg me vekt på å gje ei totaloppleving der breføraren kan fortelje
mykje om Folgefonna, lokalhistorie og naturen. Folgefonna og områda
kring ber på mange historier, alt frå drap på 1600-tallet, turisttrafikk
og bjørnejakt på 1800-talet, til kraftutbygging på 1970-talet.
I tillegg fortel Folgefonna oss mykje om klimaet me har hatt i
Hardanger og på Vestlandet dei siste 10 000 åra! På alle våre
arrangement kjem tryggleik i fyrste rekkje. Alle våre breførar
har sertifisering i Norsk Fjellsportforum (NF).
Fakta
Turen startar ved
kaien i Sundal eller eventuelt ved Olaløa. Turen vert avslutta
same plass som den startar. Turen går inn i Folgefonna Nasjonalpark,
som vart opna av Dronning Sonja ved Bondhusvatnet i 2005. Sesong
Heile året. Lengde 2-6 timar (tilpassa gruppa).
Sesong
Denne turen kan me
arrangere heile året. Naturen her byd på store opplevingar
også om vinteren.
Lengde
Kan justere lengde
på tur frå 1,5 til 4 timar etter gruppa sine ynskje.
Påmelding
Arrangerer denne turen
kvar laurdag i juli. Påmelding via web, telefon eller epost
seinast dagen før. Utanom desse laurdagane må tur
tingast minimum 4 dagar i førevegen.
Passar for
Denne turen kan leggast
opp slik at den passar for absolutt alle. Turen er populær for
bedrifter som er i Rosendal på konferanse/møte, og som ynskjer
seg eitt avbrekk med ei sterk naturoppleving. Det er ikkje noko
maksimum deltakarar tal på denne turen, ein tilpasser talet på
breførarar etter tal på deltakarar. Av erfaring veit me at det
ikkje er lurt å vere for mange deltakarar pr. breførar, då turen
ikkje vert like bra tilpassa kvar enkelt deltakar.
Utstyr
Klede etter veret.
Det er avhengig av årstid kor varme klede ein må ha med seg. Turen
går i "låglandet", frå 0 til 400 mo.h.. Dersom turen berre går
opptil Bondhusvatnet (2 timars tur) er fjellsko ikkje naudsynt,
men om ein går lenger, bør ein ha gode fjellsko. Me kan tilby
gode fjellsko i str. frå 36 til 47.
Reise informasjon
Frå Rosendal omlag
35 min, kjør mot Løfallstrand, vidare til Enes og inn til Sundal.
Frå Odda omlag 20
min, kjør gjennom Folgefonntunnelen til Austrepollen, følg hovudvegen
eit par km til Sundal.
Pris
Frå kroner 150 NOK
pr. person.