Botnabreen,
Mauranger
Dersom ein ynskjer tur her, må ein vere
ei gruppe på minimum 5 personar. Brefallet byr på
både enkel og meir krevjande blåis i flotte omgjevnader
høgt over fjorden og med flott utsikt til fjella kringom.
Turane tek frå 5-6 timar alt etter ver og føreforhold.
For å koma til Botnabreen køyrer ein forbi Sundal
og vidare inn i Nordrepollen. Her tek ein anleggsvegen oppover
i Øyresdalen. Ved kraftstasjonen ventar breføraren
med alt breutstyret. Frå Rosendal tek det omlag 50min å
køyre til enden av vegen. Frå vegen er det omlag
40 min gangtid før ein står ved brekanten og kan
ta på breutstyret. Turen vidare er ei vakker verd av blåefargar
og majestetisk fjell i enden av den tronge Øyresdalen.
I lag med Juklavassbreen er dette ein av dei best tilgjengelege
breeane i Noreg takka vere kraftutbygginga. For alle tilreisande
og lokale - her er ein sjanse til å oppleva Botnabreen med
blåis og flott utsikt. Turen og brefallet gjer at det er
råd å tilpassa turen til alle typer aktivitetar. Klatring
er mogleg samstundes som dei flate partia innbyd til familie venlege
turar.
Fakta
Ein må
tinge tur minimum to dagar før tur dato.
Påmelding
Nærmaste turist informasjon, eller tlf 55 29 89 21/95
11 77 92 (eller web).
Aldresgrense
12år
Oppmøte
Ved kraftstasjonen ovanfor Goddalsvatnet. Turen tek
mellom 5 og 6 timar.
Utstyr
Fjellklede (vindtette og vasstette klede), solbriller, solkrem,
hue og vottar, nistepakke og noko varmt til drikke.
Reise
Frå Rosendal omlag 50 min, forbi Løfallstrand
innover til Sundal, vidare innover fjorden til Nordrepollen der
ein tek av oppver anleggsvegen til Øyresdalen. Ca 10 km
oppover denne til kraftstasjonen der breførararen ventar.
Pris
550 NOK pr person (inkl. sko og alt naudsynt breutstyr)