Folgefonni Breførarlag AS

Norefonna frå aust, Skjæret til høgre.

Heim
Turar
Bestille tur
Bedrifter
Turist informasjon
Nyhende
Om Folgefonna
Samarbeidspartnarar

Brekurs på Folgefonni

Har du vore på bretur før, men ynskjer å lære meir om breen, gjerne nok til å leggje ut på tur med venner? Eller har du aldri vore på ein bre før, men er fanga av breens mystikk, og har lyst og finne meir ut kva ein bre er, og korleis ein kan oppleve den? Eller kanskje du bur nært breen, men grunna respekt for farar held du deg vekke frå den! Eller kanskje du har lyst å byrje og jobbe som breførar? Eller kanskje De er ein vennegjeng eller familie som vil gjere noko saman! Då er eit brekurs på Folgefonni noko for deg. Velkommen!

Godt læremiljø

Folgefonni Breførarlag legg vekt på å tilpasse kursopplegg til kvar enkelt deltakar, vår erfaring er at ein lærer dobbelt så raskt om ein heile tida kjenner seg trygg på forholda rundt seg og instruktørane. Å leggje opp kursa for å få denne ramma er derfor viktig for oss. Ingenting er for dumt å spørje om, me veit at alle treng ulik tid for å lære nye ting og for å få kunnskapen sitje. Ein må ha det bra og trygt for å kunne lære, kurset skal vere kjekt, og ein skal kunne få utfordringar tilpassa deg.

Fakta

Brekursets innhald og lengde kan tilpassast Dykkar ynskje. Om ein vil har eit NF-godkjent brekurs må ein setje av minst 6-7 kurs dagar til kurset, men dagane kan fordelast på 2 eller 3 helger. Kurs innhaldet tilpassar me lengde på kurs, samt deltakarane sine ynskjer om utbytte av kurs. Her er noko av det De kan lære:

Riktig bruk av breutstyret, isøks, stegjern, sele, hjelm, tau, isskruer, snøanker, slynger mm.

Korleis ein skal bevege seg i blåis og på snødekt bre på ein sikker måte.

Taulag, korleis ferdast sikkert og unngå å gjere det farleg å gå i tau saman med andre.

Isklatre teknikk, kva skal ein passe seg for!

Orientere (finne vegen) på ein bre, skal ein berre stole på GPS'en??

Overnatte ute på ein bre.

Korleis få personar opp frå ein bresprekk om uhellet har vore ute?

Korleis gje riktig fyrstehjelp på breen, korleis varsle?

Kva er ein bre, og kvifor ligg breane akkurat der dei gjer?

Ulike typar brear i verda.

Korleis kan ein bre vere ein klimaindikator? Og kva kan Folgefonna seie oss om klimaet?

Kva spesielle landformer finn ein kring breen?

Korleis har isen vore med å forma landskapet me har i Noreg.

Namn på spesielle fenomen ein finn på og kring breen.

Spesielle vêrforhold på ein bre.

Flora/fauna kring breen.

Geologi kring Folgefonna.

Sagnet om Folgefonna.

Den Engelske Lorden på Folgefonna.

Turisttrafikken på Folgefonna opp igjennom tidene.

Breens mystikk i gamledagar.

Energi utnytting av vatnet frå breen.

Nasjonalpark og forvalting av naturen.

Breførar rolle, korleis få taulaget til å fungere?

Breførar rolle, korleis formidle kunnskap på ein god måte?

Sesong

Me arrangerer kurs etter førespurnad. I 2008 har me lagt opp til kurs ut på hausten. Det vil seie august/september. Men sesongen er frå juni til ut september. Ta kontakt om du er interessert.

Lengde

Avhenger av deltakarane sine ynskje. Om ein ynskjer eit NF (Norsk Fjellsportforum) godkjent brekurs må ein ha ei kurslengde på 6-7 dagar for å rekke gjennom alt som må lærast. Desse dagane kan til dømes fordelast over to eller tre helger. Om ein ynskjer kortare kurs kan me tilpasse lenge på kurs etter Dykkar ynskje (kurset vil då ikkje vere godkjent av NF).

Påmelding

Via web, telefon (+47 55298921/+47 95117792), e-post, eller ved næraste turistinformasjon i regionen. Passar for Alle i normal form, med eit ynskje om å lære meir om Folgefonna og ferdsel på bre.

Overnatting

Overnatting kan skje ute i lavo, i telt, på DNT hytte, eller i husvære ved Hardangerfjorden. Dette avhenger av korleis kurset blir lagt opp med tanke på lengde og innhald.

Reise informasjon

Dette er avhengig av kvar på Folgefonna kurset blir arrangert. Om kurset blir arrangert i Jondal:

Jondal-Folgefonna (19 km): Det er skilta Folgefonna (19 km) midt i sentrum. Følg vegen til Krossdalen ta deretter til høgre ved skilt "Folgefonna". Det er vegavgift som må betalast her, følg vidare vegen heilt til endes. Heile sommaren går det dagleg buss mellom Jondal-Folgefonna.

Bergen -Jondal (80 km): Frå Bystasjonen i Bergen tek ein mot Åsane, deretter til Arna, ta av til venstre mot Voss. Ved rundkjøring på Trengereid tek ein til høgre mot Norheimsund. Når ein kjem til Norheimsund tek ein til høgre mot Tørvikbygd. Ferje frå Tørvikbygd til Jondal (20 min). Det er bussamband mellom Bergen og Folgefonna. Denne går dagleg og gjer det mogleg å reise på dagstur frå Bergen til Folgefonna. For rute tider og informasjon ta kontakt med Tide eller turistinformasjonen i Bergen (55 32 15 80).

Utstyr

Fjellklede (vindtette og vasstette klede), ullundertøy, hue og vottar, solbriller, solkrem, god dagstursekk mm. (detaljert utstyrsliste får ein ved påmelding). Dersom du har gode fjellsko kan desse truleg nyttast, dersom ikkje får du låne av oss. Me har gode i sko i alle størrelsar frå 36 til 47.

Pris

Etter avtale. Me har alt naudsynt breutstyr, men om du har personleg utstyr så ta det gjerne med. Me har også sko om du ikkje har gode fjellsko.

Pål er klar!

Isklatring

Nedi ein isformasjon

Klatre gjennom formasjonar

Fonnabu

Snøbru

Basecamp

 

 

 

 

Norsk Fjellsportforum
English pages German seite Norske sider