Folgefonni Breførarlag AS

Klatring med taulag

Heim
Turar
Bestille tur
Bedrifter
Turist informasjon
Nyhende
Om Folgefonna
Samarbeidspartnarar
 

 

 

 

 

Eigen breførar i Juklavassbreen [Online booking]

(Tur startar frå Folgefonn Sommarskisenter i Jondal)

Du møter oss i morgonvinden frå breen. I forventninga om eit anna landskap vandrar du over rennande vatn og blankskurde sva. Brått er du oppe ved synsranda, og Rosendalsalpane og søre Fonna ligg framfor deg. Uendelege krefter temde i is.

Saman knyter me oss i tau og stig inn ut på Folgefonna. Gjennom djupe isdalar og rundt høge, spisse istårn leitar me etter eventyret i blått. Ønskjer du spenning, høgg du deg opp 20 meter høge isveggar. Søkjer du ei mediativ oppleving, går me roleg innover hundre år gamal isørken i stadig endring. Tilsynelatande i ro, men eigentleg i ein ustanseleg rettargang mot sin dom i det grønblinkande Juklavatnet. Du kjenner stegjarnet bit seg fast i isen, og lærer samspelet med oss andre i taulaget. Du er trygg i ei ukjend verd. Tilslutt merkar du at den kvite vidda lyfter deg opp til utsikt mot havet i vest. Nede ved fjorden igjen omfamnar dei grøne bjørkelinene deg. Vonleg vil du reise heim med det urørde brelandskapet og den glinsande Hardangerfjorden brent inn i minnet ditt for alltid.

Fakta

Leiger du eigen breførar tilpassar me blåisturen til Dykkar gruppe. Det vil då ikkje vere nokon andre i taulaget enn Dykkar gruppe. Er det isklating De vil så kan me tilby 30 meter høge isveggar der du kan verkeleg kan få bryne deg. Oppmøte ved Folgefonna Sommarskisenter i Jondal (1200 m o.h.), du bestem kor tid du vil at turen skal starte. Breføraren Dykkar ynskjer velkommen, sjekkar sko og får De får utdelt utstyr. Turen startar med øko-transport til 1400 moh, me går over snøen i ca 15 minutt før me tek på oss breutstyret og går inn i blåisen. Brefallet byr på både roleg, flat is og meir utfordrande sprekkområde. Turen vert lagt opp etter deltakarane sine ynskje og fysiske form. For nokre tyder det klatring og adrenalin, for andre vert det ein roleg tur i ei anna verd. Vel inne i isen tek med matpause me utsikt over Nordsjøen og Rosendalsalpane. Me legg vekt på å fortelje både kultur og naturhistorie i området me vandrar gjennom. Til sist går me heimover i ettermiddagsljoset med fjord og fjell under oss.

Sesong

Denne turen er dagleg frå 01 juni til og med 01 oktober. Eigen breførar må ein førehandstinge minimum 3 dagar før turdato. 1 oktober er sesongen slutt då snøen igjen legg seg over isen.

Lengde

Dette er opp til Dykk. Maksimum 10 timars tur.

Påmelding

Via web, telefon (+47 55298921/+47 95117792), e-post, eller ved næraste turistinformasjon i regionen.

Passar for

Alle over i normal form

Reise informasjon

Veikart, Bergen-Folgefonna

Jondal-Folgefonna (19 km): Det er skilta Folgefonna (19 km) midt i sentrum. Følg vegen til Krossdalen ta deretter til høgre ved skilt "Folgefonna". Det er vegavgift som må betalast her, følg vidare vegen heilt til endes.

Frå 15 juni til og med 15 august går det dagleg buss mellom Bergen-Jondal-Folgefonna.

Bergen -Jondal (80 km): Frå Bystasjonen i Bergen tek ein mot Åsane, deretter til Arna, ta av til venstre mot Voss. Ved rundkjøring på Trengereid tek ein til høgre mot Norheimsund. Når ein kjem til Norheimsund tek ein til høgre mot Tørvikbygd. Ferje frå Tørvikbygd til Jondal (20 min).

Det er bussamband mellom Bergen og Folgefonna. Denne går dagleg og gjer det mogleg å reise på dagstur frå Bergen til Folgefonna. For rute tider og informasjon ta kontakt med Tide eller turistinformasjonen i Bergen (55 32 15 80).

Utstyr

Fjellklede (vindtette og vasstette klede), hue og vottar,solbriller, nistepakke og drikke (mogleg å fylle vatn på turen). Dersom du har gode fjellsko kan desse truleg nyttast, dersom ikkje får du låne av oss. Me har gode i sko i alle størrelsar frå 36 til 47. Me leiger ut gode goretex klede i alle str. Pris er 75 NOK pr. del (bukse/jakke), hugs å gje beskjed om str. ved booking (frå Small til X-large).

Pris

4500 NOK for 1 breførar 1 dag, dette inkluderer alt naudsynt breutstyr også fjellsko. Maksimum 12 personar pr. breførar.

Inni isen, for dei som vil!

Isformasjoner i Juklavassbreen.

Nedi sprekk i Juklavassbreen.

Isklatring i Juklavassbreen.

Spekker!

Norsk Fjellsportforum
English pages German seite Norske sider