Folgefonna frå nord mot sør

Heim
Turar
Bestille tur
Bedrifter
Turist informasjon
Nyhende
Om Folgefonna
Samarbeidspartnarar

Fjellklatring på Vassel, Herand

Det fyrste ein legg merke til når ein kjem køyrande mot Herand er den markerte bergveggen som avgrensar bygda mot Samlen. Mang ein fjellfant rekande forbi har undra seg på om det er råd å klyva i denne fascinerande skrenten. Truleg var det den same magien i dei mørke skuggane som trekte både steinaldermannen og klatringsmannen til Vassel.

Folgefonni Breførarlag har no gjort høva for klatring på Vassel enklare og meir spanande. Herand Bygdalag har fjerna skog på dugnad, og grunneigarane har gjeve oss lov til å setje boltar i fjellet deira. Ved å setje boltar i fjellet kan ein klatre der på ein trygg måte utan å måtte ha med seg mykje sikringsutstyr. Det er laga nokre heilt enkle ruter, og nokre med høgare vanskegrad. I tillegg er det laga ein spektakulær rappell, der ein kan sleppe seg ned, og henge i lause lufta og nyte utsynet mot Hardangerfjorden. Rutene er laga slik at både born og vaksne kan få utfalde seg. Grunna den flotte naturstien som Herand Bygdelag har laga er tilkomsten til klatre området særs bra.

Naturen har ikkje gjort det heilt enkelt for klatrar i Vasselberget, fyllitten som ein gong var marineleire på havets botn er ikkje den beste bergarten å laga klatreruter i. For omlag 400 millionar år då Skandinavia rauk i hop med USA vart fjellet på Vassel danna. Den eingong så mjuke marineleira vart samanpressa og oppvarma då enorme skyvedekke som kom inn i frå nordvest. Desse skyvedekka nytta fyllitten som gildeplan på si ferd innover landet. Rørsla, saman med tykket gjorde at det vart fast fjell av leira. Diverre for oss som driv med klatring vart ikkje fjellet like fast alle stader. Dette har gjort at boltingsarbeidet har vore vanskeleg då ein måtte sikre at områda som skulle nyttast for klatring ikkje var utsette for steinsprang. Sjølv om ein gjerne kunne tenke seg eit noko hardare berglag på Vassel er det samstundes den mjuke fylitten som gjer at ein kan sjå spor av kjemisk forvitring så høgt opp som havet ein gong har gått. For omlag 9000 år sidan stod havet 35 meter høgare enn i dag og nærleiken til saltvatn forma alle skålformasjonane ein kan sjå i fjellet i dag. Denne forvitringsforma vert på fagspråket kalla tafoni-vitring. Skålformene er i dag fascinerande formasjonar som me ynskjer å utnytte i klatre samanheng. Dei kan sjåast i mange ulike variantar og utgjer naturlege klatre tak sjølv i overhengande bergveggar. Me satsar difor på med tida å utvide klatrefeltet til også å innehalde noko av desse spektakulære områda.

Folgefonni Breførarlag tilbyr klatring for turistar, lokal befolkning og grupper. Dette er ikkje eit dagleg tilbod, men ein aktivitet ein kan tinge i førevegen. Dette kan ein gjere ved å ta direkte kontakt med Folgefonni Breførarlag, eller ein turistinformasjon i regionen. Innførings kurs i klatring er også området flott å bruke til. På eit slikt kurs kan ein lære seg både sikringsteknikk og klatreteknikk.

 

Norsk Fjellsportforum
English pages German seite Norske sider