Folgefonni Breførarlag AS

Isformasjon i Juklavassbreen

Denne turen er ein av aktivitetane i:

 

Firmatur til Hardanger, EXin ordnar det meste?

 

 

Standard -Blåistur i Juklavassbreen [ONLINE BOOKING]

(Tur startar frå Folgefonn Sommarskisenter i Jondal)

Du møter oss i morgonvinden frå breen. I forventninga om eit anna landskap vandrar du over rennande vatn og blankskurde sva. Brått er du oppe ved synsranda, og Rosendalsalpane og søre Fonna ligg framfor deg. Uendelege krefter temde i is.

Saman knyter me oss i tau og stig inn ut på Folgefonna. Gjennom djupe isdalar og rundt høge, spisse istårn leitar me etter eventyret i blått. Ønskjer du spenning, høgg du deg opp 20 meter høge isveggar. Søkjer du ei mediativ oppleving, går me roleg innover hundre år gamal isørken i stadig endring. Tilsynelatande i ro, men eigentleg i ein ustanseleg rettargang mot sin dom i det grønblinkande Juklavatnet. Du kjenner stegjarnet bit seg fast i isen, og lærer samspelet med oss andre i taulaget. Du er trygg i ei ukjend verd. Tilslutt merkar du at den kvite vidda lyfter deg opp til utsikt mot havet i vest. Nede ved fjorden igjen omfamnar dei grøne bjørkelinene deg. Vonleg vil du reise heim med det urørde brelandskapet og den glinsande Hardangerfjorden brent inn i minnet ditt for alltid.

Fakta

5-6 timars blåistur som passar for alle over 12 år i vanleg god form. Oppmøte kl 10:30 (når skibussen kjem) ved Folgefonna Sommarskisenter i Jondal (1200 m o.h.). Me sjekkar sko og får utdelt utstyr. Går frå skisenteret ca kl 11:00-11:15. Turen startar med å gå til 1400 moh, Deretter går me går over snøen i ca 15 minutt før me tek på oss breutstyret og går inn i blåisen. Brefallet byr på både roleg, flat is og meir utfordrande sprekkområde. Turen vert lagt opp etter deltakarane sine ynskje og fysiske form. For nokre tyder det klatring og adrenalin, for andre vert det ein roleg tur i ei anna verd. Vel inne i isen tek med matpause me utsikt over Nordsjøen og Rosendalsalpane. Me legg vekt på å fortelje både kultur og naturhistorie i området me vandrar gjennom. Til sist går me heimover i ettermiddagsljoset med fjord og fjell under oss.

Sesong

Denne turen er dagleg frå 15 juni til og med 20 august. Utanom denne tidsperioden må ein førehandstinge minimum 3 dagar før turdato. 1 oktober er sesongen slutt då snøen igjen legg seg over isen.

Lengde

5-6 timar (er tilbake ved utgangspunkt ca 16:00). Oppmøte Klokka 10:30 ved vårt lokale ved Folgefonna Sommarskisenter (19 km frå Jondal). Det er råd å komme med 10:10 ferja frå Tørvikbygd, gje beskjed om dette ved booking.

Påmelding

Via web, telefon (+47 55298921/+47 95117792), e-post, eller ved næraste turistinformasjon i regionen. Påmelding seinast klokka 19:00 dagen før, eller oppmøte med atterhald om plass. Online booking

Passar for

Alle over 12 år i normal form.

Reise informasjon

Veikart, Bergen-Folgefonna

Jondal-Folgefonna (19 km): Det er skilta Folgefonna (19 km) midt i sentrum. Følg vegen til Krossdalen ta deretter til høgre ved skilt "Folgefonna". Det er vegavgift som må betalast her, følg vidare vegen heilt til endes.

Frå 15 juni til og med 15 august går det dagleg buss mellom Bergen-Jondal-Folgefonna.

Bergen -Jondal (80 km): Frå Bystasjonen i Bergen tek ein mot Åsane, deretter til Arna, ta av til venstre mot Voss. Ved rundkjøring på Trengereid tek ein til høgre mot Norheimsund. Når ein kjem til Norheimsund tek ein til høgre mot Tørvikbygd. Ferje frå Tørvikbygd til Jondal (20 min).

Det er bussamband mellom Bergen og Folgefonna. Denne går dagleg og gjer det mogleg å reise på dagstur frå Bergen til Folgefonna. For rute tider og informasjon ta kontakt med Tide eller turistinformasjonen i Bergen (55 32 15 80).

Utstyr

Fjellklede (vindtette og vasstette klede), hue og vottar,solbriller, nistepakke og drikke (mogleg å fylle vatn på turen). Dersom du har gode fjellsko kan desse truleg nyttast, dersom ikkje får du låne av oss. Me har gode i sko i alle størrelsar frå 36 til 47. Me leiger ut gode goretex klede i alle str. Pris er 75 NOK pr. del (bukse/jakke), hugs å gje beskjed om str. ved booking (frå Small til X-large).

Pris

590 NOK pr. person, dette inkluderer alt naudsynt breutstyr også fjellsko. 10% familie rabatt (min 3 personar).

Isformasjoner i Juklavassbreen.

Juklavassbreen

Isklatring i Juklavassbreen.

Spekker!

Norsk Fjellsportforum
English pages German seite Norske sider