Enkel
-Blåistur i Juklavassbreen [ONLINE
BOOKING]
(Tur
startar frå Folgefonn Sommarskisenter i Jondal)
Du møter oss i
morgonvinden frå breen. I forventninga om eit anna landskap vandrar
du over rennande vatn og blankskurde sva. Brått er du oppe ved
synsranda, og Rosendalsalpane og søre Fonna ligg framfor deg.
Uendelege krefter temde i is.
Saman knyter me
oss i tau og stig inn ut på Folgefonna. Gjennom djupe isdalar
og rundt høge, spisse istårn leitar me etter eventyret i blått.
Dette er ein famillievenleg tur der barn også kan få
oppleve blåisens mystikk. Kjelke transport opp skitrekket,
kort tur i Juklavassbreen, før ein set seg på kjelken
ned skisenter bakken!
Fakta
3-4-5 timars blåistur som passar for alle over 7 år i vanleg form.
Turen startar kl 10:30 frå Folgefonna Sommarskisenter i Jondal
(1200 m o.h.). Turen startar med å gå til 1400 moh,
deretter går me over snøen i ca 15 minutt før me tek på
oss breutstyret og går inn i blåisen. Brefallet byr på både roleg,
flat is og meir utfordrande sprekkområde. Turen vert lagt opp
slik at sjølv 7 åringen i famillien kan vere med.
På denne turen får ein kun ein smakebit av blåisen.
Me legg vekt på å fortelje både kultur og naturhistorie i området
me vandrar gjennom.
Sesong
Denne
turen er dagleg frå 15 juni til og med 20 august. Utanom denne
tidsperioden må ein førehandstinge minimum 3 dagar før turdato.
1 oktober er sesongen slutt då snøen igjen legg seg over isen.
Lengde
Minimum
3-4 timar, tilpasses taulaget,
Påmelding
Via
web, telefon (+47 55298921/+47 95117792), e-post, eller ved næraste
turistinformasjon i regionen. Påmelding seinast klokka 19:00 dagen
før, eller oppmøte med atterhald om plass. Online
booking
Passar
for
Alle
over 7 år i normal form. Oppmøte Klokka 10:30 ved vårt lokale
ved Folgefonna Sommarskisenter (19 km frå Jondal)
Reise
informasjon
Veikart,
Bergen-Folgefonna
Jondal-Folgefonna
(19 km): Det er skilta Folgefonna (19 km) midt i sentrum. Følg
vegen til Krossdalen ta deretter til høgre ved skilt "Folgefonna".
Det er vegavgift som må betalast her, følg vidare vegen heilt
til endes.
Frå
15 juni til og med 15 august går det dagleg buss mellom Bergen-Jondal-Folgefonna.
Sjå www.tide.no
eller www.skyss.no
Bergen
-Jondal (80 km): Frå Bystasjonen i Bergen tek ein mot Åsane, deretter
til Arna, ta av til venstre mot Voss. Ved rundkjøring på Trengereid
tek ein til høgre mot Norheimsund. Når ein kjem til Norheimsund
tek ein til høgre mot Tørvikbygd. Ferje frå Tørvikbygd til Jondal
(20 min).
Det
er bussamband mellom Bergen og Folgefonna. Denne går dagleg og
gjer det mogleg å reise på dagstur frå Bergen til Folgefonna.
For rute tider og informasjon ta kontakt med Tide eller turistinformasjonen
i Bergen (55 32 15 80).
Utstyr
Fjellklede (vindtette og vasstette klede), hue og vottar,solbriller,
nistepakke og drikke (mogleg å fylle vatn på turen). Dersom du
har gode fjellsko kan desse truleg nyttast, dersom ikkje får du
låne av oss. Me har gode i sko i alle størrelsar frå 36 til 47.
Me leiger ut gode goretex klede i alle str. Pris er 75 NOK pr.
del (bukse/jakke), hugs å gje beskjed om str. ved booking
(frå
Small til X-large).
Pris
490
NOK pr. person, dette inkluderer alt naudsynt breutstyr også fjellsko.